Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Digitalisering av fakturautsending i Voss herad

Digitalisering av fakturautsending i Voss herad

Voss herad jobbar i desse dagar med innføring av ny løysing for distribusjon av fakturaer. Den nye løysinga vil auke graden av digital utsending, noko som vil lette arbeidet både for heradet og fakturamottakar.

 

Ny distribusjonsløysing vil komme i drift frå juli månad. Den nye løysinga gjer at mange kan oppleva å få levert faktura frå Voss herad igjennom andre kanalar enn tidlegare. Kva kanal som vert nytta  er avhengig av kva løysing kvar einskild har opna opp for å kunne ta i mot faktura igjennom. Sjå aktuelle kanalar for både privatpersonar og føretak nedanfor:

For privatpersonar

Den nye løysninga gjer at alle faktura vert forsøkt sendt digitalt til mottakar. Dette vil skje igjennom eFaktura, AvtaleGiro, Vipps Rekning, Digipost eller som vedlegg i ein e-post. Dersom dette ikkje er mogleg vert fakturaen levert som papirfaktura gjennom ordinær post. Systemet vil til ei kvar tid søkje etter det beste leveringsalternativet.

Hugs at kopi av faktura finn du enklast ved å logge inn på Mi side på www.voss.herad.no

eFaktura

eFaktura er vår mest føretrekte distribusjonskanal, og me vil anbefale alle våre kundar å oppretta eFakturaavtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at den er ferdig utfylt slik at du slepp å taste kontonummer, KID og beløp.

AvtaleGiro

Dersom du som kunde har AvtaleGiro så vil belastninga gå som normalt.
Belastningsoppgåva vil no verta distribuert direkte frå heradet.  

Faktura via Vipps

Gjennom den nye løysninga har me no også moglegheit til å tilby Vipps eFaktura. Dette kan du nytta dersom du har Vipps, og har aktivert Vipps eFaktura i appen.

Faktura i Digipost (Digital postkasse)

For å få faktura levert på Digipost (Digital postkasse) må du ha oppretta dette hjå Posten. Dersom du også har avtale om eFaktura eller avtalegiro med heradet vil desse vera føretrekt framfor Digipost.

Faktura som vedlegg i e-post

Dersom det er registrert e-postadresse på fakturamottakar vil du få tilsendt faktura som vedlegg til e-post. Om du også har andre digitale kanalar som eFaktura, Avtalegiro, Vipps eFaktura eller Digipost, så vil desse verta føretrekt framfor e-post.

Faktura levert per ordinær post

Dersom me ikkje får treff i nokre digitale kanalar, så vil fakturaen verta levert i postkassa på same måte som tidlegare, og den einaste forskjellen du vil merka er at utforminga på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel i botn, så dersom du ynskjer å nytta brevgiro må du fylla ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar kan ein få i banken, eller på Servicetorget på Tinghuset. På Servicetorget kan du også få hjelp til utfylling av giro dersom dette er ynskjeleg.

Ein god løysning for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysningar vil vera å oppretta AvtaleGiro. Då vil faktura verta automatisk belasta i banken, samt at du får tilsendt belastningsoppgåva i posten. Ta kontakt med banken for oppsett av dette.

 

For føretak

Den nye løysinga gjer at alle faktura vert forsøkt sendt digitalt til mottakar. Dette skjer i gjennom EHF eller som vedlegg til e-post. Dersom dette ikkje er mogleg vert fakturaen levert som papirfaktura gjennom ordinær post.

EHF 

EHF er vår mest føretrekte distribusjonskanal mot føretak, og me vil anbefale alle våre kundar å legga til rette for å kunne ta i mot og sende EHF. Ein EHF-faktura er ein elektronisk faktura som vert sendt direkte frå avsendar til mottakar sitt økonomisystem. Då fakturaen her vert sendt elektronisk er me som avsendar trygge på at den kjem raskt fram til riktig mottakar. Likeins er det enkelt for mottakar som får fakturaen lest direkte inn i sitt eige økonomisystem med korrekt betalingsinformasjon.

AvtaleGiro

Dersom føretaket har AvtaleGiro så vil belastninga gå som normalt.
Belastningsoppgåva vil no verta distribuert direkte frå heradet.  

Faktura som vedlegg i e-post

Dersom føretaket ikkje kan motta faktura på EHF-format, så vil føretaket få tilsendt faktura som vedlegg til e-post. Heradet må då ha registrert e-postadresse på føretaket. Dersom føretaket er registrert for mottak av EHF-faktura, vil EHF verta føretrekt som forsendingsmåte.

Faktura levert per ordinær post

Dersom me ved distribusjon ikkje får treff i nokre digitale kanalar, så vil fakturaen verta levert per ordinær post. I forhold til tidlegare vil du her merke at utforminga av fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel i botn, så om du ynskjer å nytta brevgiro må du fylla ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar kan ein få i banken, eller på Servicetorget på Tinghuset. På Servicetorget kan du også få hjelp til utfylling av giro dersom dette er ynskjeleg.

 

Merk at dersom du i dag har forretningsførar eller andre som tek i mot faktura på vegne av deg, så vil ny løysing i nokre tilfelle overstyre dette slik at faktura vert sendt direkte til føretaket.