Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Eit eldrevenleg kjøpesenter

Eit eldrevenleg kjøpesenter

Ressursgruppa til AMFI Voss er i full gang med å diskutera korleis kjøpesenteret kan verta enno meir aldersvenleg enn det er i dag. 

Sjølv om kjøpesenteret i årevis har hatt tiltak og aktivitetar for alle aldersgrupper ynskte dei no som eit ledd i Leve hele livet- reformen å gjera ein ekstra innsats saman med seniorkundane som har kunnskapen som skal til for å få til gode endringar. Sju engasjerte og kunnskapsrike kundar møtte til ei hyggjeleg arbeidsøkt der det vart diskutert korleis senteret kunne leggja til rette for aldersvenlege løysingar utandørs, i fellesareala og i butikkane. Kjøpesenteret er ein viktig møtestad og sosial arena for mange eldre, mange kjem til senteret  kvar einaste dag og diskuterer store og små ting i kvardagen.  

Seniorane var einige om at arbeidet denne dagen var veldig kjekt, og at viktige ting vart diskutert.  Det er godt for oss at me får koma med meiningane våre og at me vert høyrt og sett. Saman kan me få til mykje!  

Arbeidet held fram til hausten. Senterleiar Anne Marie Opheim er stornøgd med alle dei gode forslaga og tydelege tilbakemeldingar på det som må endrast på. Ho gler seg til vidare samarbeid.  

Dette er eit døme på å leggja til rette for god medverknad av dei det gjeld – seier prosjektleiar for Leve heile livet satsinga i heradet, Liv Jorunn Solstad. - Forsking viser at reell medverknad er effektivt dersom ein skal få til berekraftige endringar.  Det er også viktig for enkeltmennesket – å verta rekna med, og at det ein kjem med har verdi i samfunnet.