I korte trekk er det i evalueringa vurdert:
- I kva grad avdelinga når måla sine
- Om oppvekstavdelingen løyser oppdraget sitt på ein god måte
- Korleis avdelinga fordeler og løyser sine oppgåver
- I kva grad dagens organisering støttar opp under dette
Om lag 50 interessentar har vore involvert i arbeidet med å gje innspel til rapporten.
Rapporten er no ferdig og overlevert heradet. I rapporten er det skissert ei rekkje tiltak for å lukka gapet mellom no situasjonen og ynskt situasjon. Arbeidet med nokre tiltak er allereie sett i verk, andre vil verta starta rett etter årsskiftet.
Rapport - Evaluering av kommunalavdeling oppvekst i Voss herad (PDF, 941 kB)