Fjerde dose med koronavaskine for personar over 75 år
F.o.m 1. juli 2022 tredde nye tilrådingar om fjerde dose til personar over 75 år i kraft. Det er likevel ikkje slik at alle kan få tilbod om fjerde dose med det same. Fastlegekontora i Voss herad vil tilby koronavaksine, men vil ikkje ha høve til å å starte opp tilbodet før etter sommaravviklinga. Legekontora vil kome attende med informasjon om korleis og når tilbodet vert gitt. Det er ikkje nødvendig å ta kontakt med legekontoret.
Sist endra 07.07.2022 10.42
Voss herad prioriterar no vaksinasjon av bebuarar i institusjon, og vil i tillegg ha vaksinasjonstilbod i Lekvebakken 15, i veke 27 og 28, samt i veke 32 og 33.
To av apoteka på Voss tilbyr også koronavaksine: Apotek 1 (fredag) og Vitus apotek Vossevangen (tysdag).
Koronatelefonen vil vere stengt i veke 29, 30 og 31.