Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Fjern piggtråden!

Fjern piggtråden!

Det er framleis mykje piggtråd i utmark og innmark i Voss herad. 

Til no har grunneigarar og andre samla inn over 60 km piggtråd i Voss. Det er me stolte av og prosjektet held fram! Me betalar framleis kr 4 pr meter innsamla piggtrådgjerde levert på IHM.

  

Gamle gjerder med piggtråd kan gje skade på bufe og vilt og frå 2010 vart det og innført ein generelt forbod mot å nytte piggtråd for å regulere dyrs ferdsel.

Piggtrådprosjektet i Voss herad vart starta i 2018 for å rydde i gamle synder. Bak prosjektet står Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, IHM, Mattilsynet og Voss herad. Prosjektet har vore støtta frå m.a. kraftfondet, miljømidlar og støtte frå Voss energi. FK-butikken gjev i tillegg 10% rabatt på ny gjerdetråd ved vising av kvittering fra IHM. 

Til no har grunneigarar og andre samla inn over 60 km piggtråd i Voss. Det er me stolte av og prosjektet held fram! Me betalar framleis kr 4 pr meter innsamla piggtrådgjerde levert på IHM.

Når du leverer piggtråden vil IHM gjere ei vurdering av mengde piggtråd i lasset, dersom tråden er blanda med anna gjerdemateriell. Med kvittering frå IHM og utfylt skjema med tilleggsopplysningar piggtråd 2022 (PDF, 166 kB) om kvar gjerdet kjem frå, får du utbetalt tilskot frå Voss herad.

Veit du om farleg piggtråd i utmarka som gjerne skulle vore fjerna, kontakt Voss herad om du ikkje veit kven som er grunneigar, så kan de kanskje saman fjerne den!.