Voss Herad

Flaumstatus søndag

Flaumstatus søndag

Vasstanden er normalisert og det er ikkje flaum i Vossovassdraget lenger. No ventar eit større opprydningsarbeid.

Evanger er staden som er sterkast råka av flaum, og står framfor eit stort opprydningsarbeid.

Det vert det gjort fortløpande kartlegging av skader på kommunal infrastruktur i heile heradet.

I kommunale bygg vart siste pumpe slått av søndag morgon kl 09.

Voss kulturhus er stengt heile komande veke, og alle planlagte arrangement må finna nye lokale. Både kulturskulen og vaksenopplæringa vert råka. Brukarane vil verta informert når tenestene har klarlagt kvar dei skal vera i komande veke.

Voss ungdomsskule er også råka av flaum, men tek sikte på vanleg drift ved skulen frå tysdag. For elevane vil ikkje dette ha noko å seia, sidan det er planleggingsdag på skulen måndag.

Når den verste krisa er over ynskjer Voss herad å senda ei stor takk til alle som har stått på under flaumen.

I løpet av neste veke planlegg Voss herad informasjonsmøte for alle som er råka av flaumen. Tid og stad er ikkje bestemt, men heradet vil koma med invitasjon og meir informasjon så snart me har dette på plass.

Kommunal kriseleiing tek ny status måndag føremiddag.