Voss Herad

Framleis raudt skredvarsel

Framleis raudt skredvarsel

 Det er framleis svært stor fare og raudt varsel for jord,- sørpe- og flaumskred. Flaumvarselet er på oransje nivå. I tillegg er det sendt ut gult varsel om sterk vind i distriktet vårt.

Voss herad har gått klar av dei største nedbørsmengdene og unngått spesielle hendingar i samband med ekstremværet dei siste dagane. Men nedbøren har gjort at bakken er metta av vatn, og skredfaren er framleis svært stor. Hald deg oppdater her: Varsom.no

Det er no venta mykje vind, og Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for distriktet vårt, med melding om at det kan koma lokale vindkast opp mot 27 til 30 sekundmeter, frå vest og seinare dreiande nordvest.