Voss Herad

'Friskliv og meistring' støtta meg i å ta gode val i kvardagen min, dette bør fleire få oppleva!

'Friskliv og meistring' støtta meg i å ta gode val i kvardagen min, dette bør fleire få oppleva!

Friskliv og meistring er eit kurs- og treningstilbod som gjev personleg oppfylging tilpassa den enkelte sine behov og føresetnadar, slik at kvardagen kan verte betre. Erling Brandseth opplevde at 'Friskliv og meistring' hadde betre effekt på måla han sette seg, enn han hadde trudd før han starta.

Eg heiter Erling og er 62 år. Eg har fått nokre helseutfordringar, kroppen har forandra seg og eg har ikkje den same farten som eg hadde før.

I samtale med fastlegen tok eg opp at eg følte eg var vorte for tung, og då fortalte fastlegen om tilbodet ‘Friskliv og meistring’. Han tilrådde at eg kunne ta kontakt med dei sjølv, og eg fekk med meg ein frisklivsresept frå han. Eg ringte då til frisklivskoordinatoren sjølv, og då byrja ballen å rulle. Eg fekk time til helsesamtale som oppstart.

Dersom ikkje fastlegen min hadde sagt at eg burde ta kontakt med ‘Friskliv og meistring’, hadde eg aldri gjort dette på eige initiativ. Eg hadde aldri høyrd om det før, og det hadde sitte langt inne å ta kontakt sjølv. Eg hadde ikkje trudd at dette skulle passa for meg.

I helsesamtalen vart eg spurt om kva som gjorde at eg tok kontakt. Me snakka om utfordringane eg har med helsa, kva eg sleit med og kva som var målet mitt – kva eg ynskte å oppnå med å delta på tilbodet. Eg fekk vita meir om dei ulike tilboda, fekk informasjon om kva som kunne passa for meg og tilrådingar på kva som passa best ut i frå mine føresetnader. I løpet av samtalen kom det fram at eg har som mål å klara å bevege meg litt lettare, og om mogleg redusera litt på vekta mi, slik at dette ikkje skal vera ei større utfordring for meg vidare. Det er viktig for meg å bevega meg lettare slik at det vert lettare i kvardagen, dei helsemessige utfordringane kan gjera det vanskeleg, og for meg er det viktig å halde meg i vigør så lenge eg kan.

Det var heile tida tydeleg at dette var eit tilbod der eg kunne bestemma sjølv, det var frivillig. Under helsesamtalen kjente eg på at dette tilbodet kunne passa for meg, og undervegs kom me fram til kva som kunne fungere for meg -  ut i frå mine føresetnader. Me kom fram til ‘Bra mat’ kurs og ‘Aquagym’. Under samtalen fekk eg også rettleiing på korleis eg kunne auka min kunnskap om dei aktuelle tema, før eg starta med kurs. Dette var opp til meg sjølv, og det var eg kanskje ikkje like god på å følge opp som eg burde vore.

Eg deltok på trening i vatn, ‘Aquagym’.  Ein fysioterapeut stod på land og viste kva me skulle gjera, og me som deltakarar gjorde øvingane i vatn. Me var èi gruppe, alle med ulike grunnar til at me var der, men kun oss som deltok hjå ‘Frisliv og meistring’ var i bassenget på denne tida. Tidlegare har eg prøvd å koma i gang med trening i basseng på eigehand, men det har vore vanskelegare å få til.

‘Bra mat for betre helse’ – kurset fekk eg ein dårleg start på. Eg kom for seint fyrste dagen, kurslærar måtte ringja meg for eg hadde gløymt det. Men når eg kom var kurset kjekt å vera med på. Det vart snakka om kosthald med ulike tema kvar gong. Me fekk forslag til kva ein kunne gjera, og eg har tatt til meg det som vart sagt på kurset. Me fekk ulike oppgåver undervegs, i forhold til å vera bevisst både på kva ein handlar i butikken og kva ein et. Det syns eg var veldig greitt. Det var også fint at me var ei lita gruppe. Me var 8 personar, og det hadde vore noko heilt anna om gruppa hadde vore større.

Eg tenkte at det var litt rart at det ikkje var fleire på kurs, og eg tenker det burde vore fleire som treng denne kunnskapen – og at fleire bør vera bevisst på kva ein vel å handla og eta. Eg tok til meg det som var viktig for meg, brukar hovudet og tenkjer meg meir om når eg handlar og lagar mat. Når eg handlar i butikken no, stoppar eg opp og tenkjer, les på innhaldsforteikninga og er meir bevisst på kva eg bør få i meg. Eg er vorte flinkare på å få i meg meir med frukt og grønsaker enn eg gjorde tidlegare, og drikk no gjerne eit glas med vatn eller fleire om dagen. Eg hadde aldri til dømes tenkt på brødskalaen tidlegare, men no ser eg automatisk på den når eg handlar brød, og vel eit sunnare alternativ.

På kurset vart me oppfordra til å prøva å setja oss eit eller fleire mål frå gong til gong, men det var ikkje sånn at ein fekk melding med heim om ein ikkje hadde gjort det. Alle hadde kvar sine ting dei prøvde å jobba med til neste gong, og det var ingen kjeft om me ikkje fekk det til, for det vart kùn gjort for at me skulle verta meir bevisste sjølve. Det var ikkje store ting ein skulle jobba med, men det kunne vera stort for ein sjølv, så det var heilt individuelt. Små endringar får effekt på sikt, det skjer ikkje same dag.

Å delta på tilbod hjå ‘Friskliv og meistring’ hadde meir effekt på mine mål enn eg hadde trudd før eg starta. Resultatet etter at eg var til avsluttande helsesamtale viser at dei små endringane eg har gjort gjer at eg er på rett veg i forhold til å nå måla mine.

Totalt er eg svært nøgd med dei tilboda eg har vore med på, dette er noko fleire bør få læra litt meir om for å verta flinkare til å ta gode val i kvardagen sin.