Voss Herad

Frivillige får Vangen til å bløma

Frivillige får Vangen til å bløma

Godt samarbeid på tvers gjer at Vangen blømer. Sentrumspatruljen står bak både planting og vatning. 

Våren 2022 utfordra Støttekontakttenesta i Voss herad utvalde brukarar av tenesta til å gjera ein frivillig innsats saman med sine støttekontaktar.

Dei som stod utan eigen støttekontakt i augenblinken vart kopla på andre sine.  Brukarane fylte ut skjema for kva dei kunne tenkja seg å gjera, og fyrste dugnadsoppdrag vart gjeve av Liv Jorunn Solstad i Leve hele livet og Lilly Anne Selland i Voss Sentrum.

Slik vart Sentrumspatruljen til; ein positiv og arbeidsam gjeng menneske med nedsett funksjonsevne som torsdag 16. juni planta i ikkje mindre enn 60 blomsterpotter i Vangsgata. I løpet av sommaren skal dei vatna dei same blomane og sørga for at dei trivst. Planen er at Sentrumspatruljen skal planta blomar og vera eit fast innslag i gatene også i somrane framover.

Bidragsytarar til prosjektet er Voss Blomsterhandel, Voss Sparebank, Voss Kino, Vinjo, Vossabadet, Felleskjøpet og Jernia.