Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Frivilligpolitikk i Voss herad

Frivilligpolitikk i Voss herad

Voss herad startar opp arbeidet med å laga heradet sin frivilligpolitikk. Alle lag og organisasjonar vert invitert til å komma med i arbeidet. 

  

Utval for levekår fatta onsdag 27. april vedtak om at arbeidet med frivilligpolitikk i Voss herad skal starta opp no. 

2022 er frivilligåret, året der me skal lyfta og visa fram frivillig sektor. Frivillig lagsliv skal feirast på både lokalt, regionalt og nasjonalt nivå med ei rekkje satsingar gjennom året. Også i Voss herad skjer det mykje i samspelet mellom kommune og lagsliv allereie og ei rekkje aktivitetar er planlagt i samband med frivilligåret 20225 . Å kunna starta arbeidet med Voss herad sin frivilligpolitikk i sjølvaste Frivilligåret 2022 vil verta ein del av markeringa hjå oss.

Arbeidet med å utforma frivilligpolitikk i Voss herad skal gjennomførast i samarbeid med Frivillighet Norge. 

Sett av datoen 1. juni - då vert alle invitert med til "kick off" 😊

Oppstartsmelding vedtatt i Utval for levekår finn du her (PDF, 454 kB)