Frivilligpolitikk

Velkomen til ope innspelsmøte torsdag 29.februar kl. 18.00 i konferanserommet i Voss kulturhus

Utval for levekår vedtok i sak 07/24 den 31.01.2024 å senda utkast til frivilligpolitikk på offentleg høyring. 

Høyringsutkast frivilligpolitikk 2024-2036 (PDF, 2 MB)

Planen omhandlar heradet sitt samspel med frivillige lag og organisasjonar innan kultur, fritid, idrett, integrering, helse- og omsorgsfeltet i perioden 2024-2036.

Etter høyringa skal det utarbeidast handlingsplan på bakgrunn av satsingane i planen og innkomne innspel. 

Me ber om innspel på heile planen, men ber særleg om innspel på satsingsområda.

Innspel og merknadar til planframlegget må sendast skriftleg innan 18.mars 2024 til Voss herad, postboks 145, 5701 Voss, eller helst på e-post til postmottak@voss.herad.no

Merk brevet Høyring frivilligpolitikk

Det vert ope innspelsmøte torsdag 29.februar kl. 18.00 i konferanserommet i Voss kulturhus.

Kontakt

Kristina Finne
E-post
Telefon 91 14 26 33