Frivilligpolitikk1.juni starta Voss herad arbeidet med å utforma frivilligpolitikk. Sist endra 03.06.2022 14.43 Nær 50 deltakarar frå frivillig lagsliv, politikarar og tilsette i heradet møtte for å diskutera korleis heradet best mogeleg kan jobba med frivilligheit i åra som kjem. Åse Marie Olafsen frå Frivillighet Norge leia prosessen og skal skriva ein rapport som vert lagt til grunn for vidare arbeid med frivilligpolitikken. Rapporten vert presentert på Vossadagen 27.august 2022. Utover hausten vil det verta jobba med å utforma frivilligpolitikken i tett samspel med lagslivet. Frivilligpolitikk for Voss herad er planlagt vera ferdig våren 2022.