Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Gratis kurs i digital marknadsføring

Gratis kurs i digital marknadsføring

Lurer du på korleis du kan enkelt og best mogleg kan marknadsføra bedrifta di i sosiale medium?

Mange av bedriftene i Voss herad er hardt råka av ringverknadane av covid 19-tiltaka. Difor har styret i heradet sitt kraftfond vedteke å arrangera kurs i korleis ein kan marknadsføra bedrifta si digitalt, for å kunne vera betre rusta til kampen om kundane når samfunnet no gradvis opnar opp att.

Påmelding 

Kurset vert halde som eit webinar, det vil seia at du deltek via nettet. Du melder deg på ved å klikka på denne lekkja: 

https://docs.google.com/forms/d/1TP4urXUZGHr0VjKGI-syJTt5lEH5Q_yDpSe5DA_ynzs/viewform?edit_requested=true

Deretter sender me deg ein e-post, med ei lekkje du går inn på når kurset startar.

Tid 

Kurset går over to føremiddagar. Onsdag 27. mai og onsdag 3. juni, begge gongene frå klokka 10.00 til 12.00.

Dersom du har spørsmål om kurset, ta gjerne kontakt med Iril Schau Johansen i heradet si næringsavdeling, på telefon 47026347