Vossaklima 2030 er tufta på FN sine berekraftsmål, og er i tråd med relevante internasjonale, nasjonale og regionale føringar. Planen er utarbeida med eit 12-års perspektiv, med forventa rullering kvart fjerde år. Vossaklima 2030 har som siktemål å redusera direkte klimautslepp, men samstundes ha ei bevisst og styrka satsing på naturen som karbonlager og vossingane sitt klimafotavtrykk. Slik skal Voss herad bidra lokalt i eit arbeid som samstundes gjev meining i ein større global samanheng.
Høyringsutkast på Vossaklima 2030 vart politisk vedteke i Utval for klima og miljø den 31. mai og i Formannskapet den 2. juni.
Høyringsutkastet finn du her (PDF, 4 MB)
Har du spørsmål til korleis du skal gå fram?
Kontakt prosjektleiar Gunnhild Utkvitne på e-post: Gunnhild.Utkvitne@voss.herad.no