Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Hugs røykvarslar på hytta

Hugs røykvarslar på hytta

Klikk for stort bilete

Ta ein brannsjekk på hytta før vinterferien! Det er like viktig å ivareta branntryggleiken der som heime. Sørg for at du har røykvarslarar på plass og at dei fungerer. Den reddar liv!

Hugseliste for brannsjekk på hytta:

  • Sjekk røykvarslarane kvar gong hytta vert teken i bruk
  • Ha alltid med ekstra batteri
  • Sjekk at rømingsvegar er lett tilgjengeleg og frie for snø
  • Gå aldri frå levande lys
  • Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ
  • Kast askeavfall og grillkol på ein forsvarleg måte
  • Sjekk el-anlegget
  • Ver ekstra varsam når du brukar gass
  • Sjekk utstyr og gasslangar jamleg
  • Sørg for tilgang til sløkkjeutstyr
  • Bruk godkjente fagfolk til utbetringar av elektrisk anlegg

Meir info på www.sikkerhverdag.no  og  www.elsikkerhetsportalen.no