Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Informasjon om foreldrebetaling i barnehage og SFO

Informasjon om foreldrebetaling i barnehage og SFO

Regjeringa har bestemt at foreldrebetalinga skal gjenopptas når barnehager og SFO opnar i april. Kommunale barnehageplasser vert fakturert frå og med 20. april, det vert ikkje fakturert matpenger i april og mai månad.  SFO plassar vert fakturert frå og med 27. april. 

Føresette til born som har tilbod i barnehage eller SFO, men som vel å ikkje nytta tilbodet, må likevel betala for plassen.

Inntektsgradert foreldrebetaling

Familiar som har redusert inntekt som fylgje av for eksempel permitteringer, kan være kvalifisert til å søkje om inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage. Sjå meir informasjon om inntektsgradert foreldrebetaling på https://voss.herad.no/tenester/barn-og-familie/barnehage/inntektsgradert-foreldrebetaling/

Føresette skal ikkje betale når barnehage og SFO er stengt.

Voss herad sendte ikkje ut faktura for april månad grunna usikkerheit rundt gjenopning av barnehager og SFO.

Maifaktura innheld difor fråtrekk på det som er betalt for mykje i mars (19 dagar) og tillegg for dagane SFO og barnehage var open i april (11 dagar for barnehage og 4 dagar for SFO).

Føresette med inntektsgradert foreldrebetaling vil få tilsendt eige skriv med utrekning.

Dersom de har spørsmål til faktura kan de sende e-post til postmottak@voss.herad.no.