Voss Herad

Innspelsmøte 27.september

Innspelsmøte 27.september

Landbruk og reiseliv er viktige næringar i Vossabygda. Kva grep kan me saman ta for å tryggja ei god og berekraftig utvikling i landbruk- og reiselivsnæringa i åra som kjem? 

Kom med på innspelsmøte kring temaplan om strategisk næringsutvikling (SNU Voss) og Reiselivsstrategi for Voss.

Voss herad har lagt utkast til temaplan om strategisk næringsutvikling (SNU Voss) og Reiselivsstrategi for Voss ut til høyring og offentleg ettersyn med frist for innspel 21. oktober 2022.

Både landbruk og reiseliv er viktige næringar i Vossabygda. Det er og viktig at me alle – herad, landbruk og reiseliv – samarbeider på best mogeleg sett for å tryggja landbruksbygda Voss - og reisemålet Voss.

Me ynskjer innspel frå dykk som «veit kvar foten trykkjer» - kva mål og tiltak bør me gjennomføra fyrst, kva kan venta? Er det viktige tiltak me ikkje har fått med i planutkasta?

Vidar Skeie, leiar i Utval for kultur og næring, vil vera vert i innspelsmøtet. Innleiingsvis vil Voss herad presentera planutkastet SNU Voss og Visit Voss utkast til reiselivsstrategi.

Vel møtt i tinghuskantina tysdag 27. september frå klokka 16.00 - 18.00.

Les meir om SNU Voss og Reiselivsstrategi for Voss her

Har du spørsmål om arbeidet med SNU Voss? Kontakt prosjektleiar Gunnhild Utkvitne på e-post: gunnhild.utkvitne@voss.herad.no