Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Investeringsmidlar i beitelagsområda

Investeringsmidlar i beitelagsområda

Investeringsmidlar i beitelagsområda skal legge til rette for best mogleg nytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda. Søknadsfrist er 1.mars og det er leiaren i beitelaget som skal søkje. Lenke til søknadsskjema og meir informasjon finn de her

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Voss herad har fått tildelt kr 175 000 til investeringstiltak i beiteområda i 2021. Lokal tiltaksstrategi for bruk av midlane prioriterer på denne måten: 

  1. Tilskot til investeringar i faste installasjonar og anna utstyr knytt til beitebruk.

Innanfor disse rammene kan tilskot gjevast til alle tiltak som fremjar bruken av beite i eit område. t.d.: 

  • Sperregjerder   
  • Ferister 
  • Bruer 
  • Gjetarhytter
  • Sanke- og skilleanlegg
  • Anlegg/rydding/ utbetring av drifteveier
  • Saltsteinsautomatar
  • Elektronisk overvakingsutstyr

Det er ein føresetnad for tilskot til faste installasjonar at det vert innhenta løyve frå eller avtaler med grunneigarar eller andre som har rettigheiter i det aktuelle beiteområdet, og som kan tenkjast å verte rørt av tiltaket. Det kan ikkje gjevast tilskot til same type investeringstiltak før etter 20 år for hytter og 15 år for andre faste installasjonar. 

 

B. Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt 

Gjeld ulike typar prosjekt som retter seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk. Dette kan m.a. omfatte:

  • Planlegging og prosjektering av faste installasjonar
  • Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområder
  • Prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell nytting av beita
  • Tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk
  • Utarbeiding av planar (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan mv.) for utmarksbeite
  • Vegetasjonskartlegging