Voss Herad

Investeringsmidler for beitelag i Voss

Investeringsmidler for beitelag i Voss

Voss herad lyser ut restmidlar for investeringstiltak i beiteområda i utmark. Berre registrerte beitelag kan søke.

Søknadsfrist 1.november.

Yngve rekdal  

Formålet med investeringsmidlar til beitelaga er å legge til rette for best mogleg nytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Ved denne utlysinga vil  planleggings- og tilretteleggingstiltak vere prioritert.

Målsetning for planleggings- og tilretteleggingstiltak er å:

  • Utvikle gode beitebruksplanar.
  • Tiltak for å ta vare på verdiar knytt til bruk av utmarksbeite som landskap, biologisk mangfald, kultur, tradisjonar og andre verdiar knytt til beitelandskapet i fjellet
  • Tiltak som fremjar samarbeid og fellesskap.

Konkrete tiltak som er godt i gang vil verte prioritert.

Søknadsfrist er sett til 1.november

Det vert ny søknadsrunde for investeringsmidlar 1.mars 2023. Registrerte beitelag har også fått info om utlysinga i e-post. 

For meir info: kontakt med Kari Mostad, tlf.: 979 97 150, eller epost Kari.mostad@voss.herad.no