Ho har ein lang yrkeskarriere innanfor reiseliv, konsulentbransjen og som sjølvstendig næringsdrivande. Ho har også jobba internasjonalt.
Truleg vil mange hugsa henne for åra som dagleg leiar i Ekstremsportveko der ho i denne perioden opplevde at Veko vart kåra til Årets reiselivsbedrift av Inovasjon Norge, vidare Årets merkevare av Fjord Norge og sjølv vart ho årets ildsjel utpeika av Sparebanken Vest.
Kaia kjem frå jobben som Forretningsansvarleg i Myrkdalen Norway’s best AS, og har tidlegare hatt fleire leiande stillingar i Myrkdalen fjellandsby. Ho vil starte opp i Voss herad i mai.
Me ynskjer Kaia velkomen til Voss herad og gler oss til å samarbeida med ho.