Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Klimacafe; tema landbruk

Klimacafe; tema landbruk

Voss herad inviterer i lag med faglaga i landbruket og NLR,  til Klimacafe med tema landbruk, torsdag 2.desember i gamlekinoen.  kl. 19.30 - 21.30

Sett av tida og bli med og sett ditt preg på Vossaklima 2030!

 

Voss herad er i ferd med å utarbeide ny kommunedelplan for klima, klimatilpassing og grøn omstilling, Vossaklima 2030.

Heradet ynskjer at flest mogleg skal verte høyrte i prosessen og inviterer landbruket og alle andre som er opptatt av å oppretteholde og utvikle landbruksnæringa i heradet, til å komme med innspel til Vossaklima 2030.

Korleis kan me bidra til eit klimavennleg og berekraftig Vossalandbruk?

  • Innleiing ved Frøydis Haugen, tidlegare leiar i Hordaland Bondelag og koordinator for prosjektet reduksjon av klimagassar i Vestlandsjordbruket.
    • Kort om karbonprosjektet i Voss v/ Gunnlaug Røthe, NLR 
    • Kvifor bruke klimakalkulator v/ Helena Elvatun, NLR
  • Gruppearbeid og innspel til planarbeidet

Kaffi og rundstykke!

Bli med og sett ditt preg på Vossaklima 2030!

Alle velkomne!