Voss herad

Klimagassutslepp i Voss herad mot 2030

Klimagassutslepp i Voss herad mot 2030

Korleis kan Voss nå nasjonale mål for kutt i klimagassutslepp? Kva skal til for å verta eit nullutsleppssamfunn?

  

Som del av kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med «Vossaklima 2030» har Asplan Viak gjort ein scenarioanalyse av klimagassutslepp på Voss i perioden 2020-2030.

I 2020 var utsleppa på Voss totalt 83.739 tonn CO2-ekvivalentar (tCO2e). Dei klårt største bidraga kom frå vegtrafikk (43 %) og jordbruk (38 %). Det er utarbeidd ein referansebane for venta utslepp mot 2030 utan ytterlegare tiltak. I denne reknar me med at utsleppa vil reduserast med 12 % frå dagens nivå, i hovudsak på grunn av overgang til elbilar. Vidare er det utarbeidd tiltakspakker for ytterlegare utsleppsreduksjonar, basert på mål om 55 % eller meir reduksjon jamført med 2005-nivå innan 2030.

Analysen syner at dette kan vera mogleg, men vil krevja vesentleg innsats i alle ledd. Kommunen kan og bør gå føre og vera ein tilretteleggjar, men det vil òg krevjast innsats, investeringar og endringsvilje både frå næringsliv og innbyggjarar.

Les heile rapporten her (PDF, 375 kB)

Rapporten er finansiert med støtte frå Vestland fylkeskommune.