Har du allereie tatt i bruk klimakalkulatoren?
Skjermdump av kva informasjon me treng for å honorere at føretaket har tatt kalkulatoren i bruk
Dette er eit verktøy eigd og utvikla av landbruket sjølv som eit av åtte tiltak for å redusere klimautslepp frå landbruket og gjere landbruket meir klimarobust. Voss herad vil gjerne støtte opp om dette viktige arbeidet, og for å senke terskelen for å ta i bruk verktøyet, ble det i vår bestemt at alle som har nytta kalkulatoren i 2022 får kr 1000 for å bruke tid på dette.
Alle data knytt til klimakalkulatoren er strengt private, og for dei som ikkje allereie har fått utarbeidd klimaplan og søkt om dette i RMP-søknaden (dei fleste av dykk som deltok på klimasamling i kulturhuset 8.oktober), må Voss herad aktivt få informasjon om at de har nytta klimakalkulatoren for at heradet skal kunne betale ut honoraret.
Har du ikkje søkt RMP-tilskot, må du difor aktivt be om tilskotet.
Det kan du gjere på tre ulike måtar:
- Sende utklipp/skjermdump frå PC-skjermen med namn og organisasjonsnummer, som vist til høgre til kari.mostad@voss.herad.no
- Vanskeleg med skjermdump? Ta bilde av skjermen med mobilen der den same informasjonen er godt synleg og send SMS med bilde, til Kari Mostad tlf.nr 9799 71 50
- Enklast: Har du delt data med klimarettleiar (Jon Asle Torstad i TINE eller Helena Elvatun i NLR) kan du be dei sende stadfesting på dette til Voss herad.
Me vil då ha høve til å følgje opp lovnaden om støtte.
Me bed om at du gjer dette gjerne så snart du kan og innan 10.desember
Det ligg ikkje inne tilskot til bruk av klimakalkulator i budsjettet for 2023, slik at dette er eit godt høve å komme i gang på, der timebruken din vert betalt av heradet.
Har du spørsmål; ta kontakt med Kari Mostad, Rådgjevar, Næringsavdelinga Tlf: 979 97 150, epost Kari.mostad@voss.herad.no