Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Kommunal kompensasjonsordning runde 6 Voss herad 2022

Kommunal kompensasjonsordning runde 6 Voss herad 2022

Gjernes Voss Thor Trå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har løyvd tilskot til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er råka av konsekvensane av koronapandemien. Del seks av dette tilskotet er no fordelt til kommunane, og Voss herad har fått 2 456 000 kroner til fordeling til kriseråka føretak i heradet.

Tilskotet vert lyst ut som del av den nasjonalt notifiserte ordninga "kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder", og er såleis ikkje bagatellmessig støtte. 

Desse kan søkja ordninga:
- Gruppe a. Føretak som har primærverksemda si innanfor servering, overnatting og/eller reisebyrå-/turoperatørverksemd, som ikkje fekk tildelt støtte i fjerde kommunale tilskotsrunde (utbetalt i desember 2021). 
- Gruppe b. Bedrifter som heilt eller delvis har falle utanfor statlege kompensasjonsordingar.

Det er sett av 2 000 000 kroner til fordeling på søkjarar som fell inn under gruppe a.

Det er sett av inntil 456 000 kroner til fordeling på søkjarar som fell inn under gruppe b. Maksimal støtte for søkjarar i denne gruppa er sett til 50 000 kroner.

Ved tildeling skal det leggjast vekt på talet på årsverk i føretaket i 2019. 

Søkjarar må dokumentera at dei har hatt tap grunna korona. Dokumentasjon, attestert av rekneskapsførar, som må fylgja søknaden:

  • Stadfesting av tal årsverk i føretaket i 2019. (Dersom føretaket ikkje hadde drift i 2019, må tal for 2020 og/eller 2021 nyttast).
  • Rekneskapssamandrag (utskrift) for 2019, 2020 og 2021. (For 2021 er det ikkje krav om endeleg, godkjent rekneskap).
  • Eventuell annan tilleggsdokumentasjon som syner tapt omsetning eller underskot.

Ifylgje rettleiar frå KMD til kommunane er det berre høve til å gje tilskot til:

  • - Sektorar eller verksemder med tap av omsetning/inntekt som fylgje av covid 19-pandemien eller den påfylgjande økonomiske nedgangen
  • - Sektorar eller verksemder med auka kostnadar som fylgje av tiltak for å unngå spreiing av covid 19, og kostnadar direkte knytte til covid 19-lågkonjuktur.
  • - Sektorar eller verksemder som er gjenstand for tap av varer pga covid 19-pandemien.

Dersom søkjar gjev feil informasjon i søknaden, eller på anna vis ikkje handlar i samsvar med vilkåra for tilskotet, kan tilskotet verta kravd betalt attende, heilt eller delvis. For kvart føretak som får tildelt støtte i denne saka, er tildelinga av støtte å sjå på som eit einskildvedtak med klagerett, som kan påklagast etter forvaltningslova § 28. Mogleg klage må setjast fram skriftleg til heradet innan tre veker etter at søkjar har fått melding om vedtaket. Eventuelle klager vil verta handsama av formannskapet.

Søknadsfrist: 24. januar 2022

Lenkje til søknadsskjema: Regionalforvalting_Voss_ herad

Lenkje til politisk sak: Sak_4/22_ Formannskapet_13.01.2022