Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er råka av konsekvensane av koronapandemien

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder som er råka av konsekvensane av koronapandemien

Gjernes Voss Thor Trå  

Del fire av tilskotet til kommunane frå KMD er fordelt, og Voss herad har fått kr 6.604.000 til fordeling til kriseråka føretak i heradet.

Tilskotet vert lyst ut som del av den nasjonalt notifiserte ordninga "kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder", og er såleis ikkje bagatellmessig støtte. 

Desse kan søkja ordninga:

a) Overnattingsbedrifter med 20 årsverk eller meir knytte til servering/overnatting i normalår (dei  tre siste åra før pandemien råka).

b) Reisebyrå og turoperatørar.

c) Serveringsbedrifter med 10 årsverk eller meir knytte til servering i normalår (dei tre siste åra før pandemien råka).           

d) Føretak innanfor turbiltransport og drosjenæring.

 

Ved tildeling skal føretak med mange tilsette innanfor overnatting prioriterast høgast. 

Søknadsfrist: 22.11.21

Kontaktperson: Iril Schau Johansen, telefon 47026347