Kommunal støtte til klimaarbeid i jordbruket i Voss

Voss herad har sett av midlar til klimatiltak i jordbruket. Midlane vil verte nytta til støtte for bruk av klimakalkulator, kommunalt tilskot til drenering av jordbruksjord, kommunal støtte til dyrking av poteter og grønnsaker og direkte innsåing av kløver i etablert eng.   

 

Det vart i vår politisk vedtatt å gje økonomisk støtte til tiltak som er gunstig for klimaomstilling i landbruket på Voss. Konkret vil ein støtte følgande:

  • Vassjuk jord gjev dårleg agronomi og kan gje stort utslepp av lystgass, som er ein svært aggressiv klimagass. Drenering av jordbruksareal er eit godt tiltak for å betre vilkåra. Staten yter kr 30kr pr. meter eller inntil 2000kr/da for drenering.  Voss herad vil gje eit tilsvarande tilskot kr 30 pr m drensgrøft, eller inntil 2000pr daa. Summen vert lagt til ved utbetaling av tilskot som vert gjennomført i 2022. Vilkår: ein må søkje om tilskot gjennom offentleg ordning for drenering av jordbruksjord
  • Klimakalkulatoren som er utvikla av og for landbruket er eit svært godt hjelpemiddel for optimalisering av drifta. I travle og stressa tider kan det vere vanskeleg å prioritere å ta denne i bruk. Heradet ynskjer å støtte dette og gjev tilskot til bruk av klimakalkulator; kr 1000. Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis. Meir info om dette kjem i samband med lansering av klimakalkulator for sau som skal vere i juni.
  • Arealtilskot til dyrking av poteter og grønsaker; kr 2000/daa. Minste areal 1daa. Landbruksføretak som ikkje søkjer produksjonstilskot må sende kart og dokumentasjon over produksjonen til Voss herad innan 1.august for å få registrert areala sine.
  • Direkte innsåing av kløver i etablert eng vert utprøvd i storskala forsøk i jordkarbonprosjektet, og deltakarar får dekt en del av utgiftene og fôranalyser.
  • Heradet har også ein liten pott til gode klimatiltak som landbruket ynskjer å gjennomføre.

 

Kontakt for tilskota er Kari Mostad, rådgjevar næringsavdelinga tlf.  979 97 150, Kari.mostad@voss.herad.no