Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Perioden for ordninga er utvida til 31. oktober

Søknadsfristen er forlenga til 15. november

Koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.

 

Formålet med ordninga er å stimulera til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19.

 

Perioden for ordninga er no utvida, og gjeld frå 1. januar til og med 31. oktober 2021.
Søkarar må vera registrerte i Frivilligregisteret.  

 

Kva kan det søkast om?  

  • Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vera innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.  
  • Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vera tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter.  
  • Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vera museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vera utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.    

 

Ny søknadsfrist er 15. november 2021.

 

Meir informasjon

Finn informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordningawww.lottstift.no  
 

Spørsmål?   Ta kontakt på covid@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

 

 

Merk: For momskompensasjonsordninga er det ingen endringar, her er søknadsfristen 1. september.

Les meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonarwww.lottstift.no