Voss Herad

Kraftfondet ein støttespelar i Voss herad

Kraftfondet ein støttespelar i Voss herad

Kraftfondet er ein støttespelar for ulike bransjar i Voss herad. Medlemane i utvalet har eit ønskje om å følgja med på korleis pengane dei deler ut vert brukt.

I junimøtet hadde utvalet ei utflukt til Evanger der dei vitja den nye smalafloren til Hilde og Jørn Styve, åt god mat og drakk god drikke i Rongahuset og til slutt såg på Camp Evanger - fornyinga av sentrum.

 

På møtet i september var det fire presentasjonar frå bedrifter og organisasjonar som har fått stønad frå Kraftfondet siste året; Voss Sentrum til aktivitet på torget i sommar, Voss IL og FBK Voss til nytt klubbhus, Voss Hestesportsenter til ny stall og JCS AS Materialbanken som tek vare på gamle bygningsmaterial.

 

Noko er allereie gjort, og mykje spanande er på gang hjå alle desse!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete