Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Kulturminnedagane 2020

Kulturminnedagane 2020

Klikk for stort bilete Kulturminnedagane er den norske utgåva av European Heritage Days under mottoet «Europa, ein felles kulturarv». Kulturminnedagane vert markerte kvart år i midten av september. Formålet med desse dagane er å skapa forståing og interesse for kulturminner og kulturmiljø lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Gjennom ulike tilskipingar over heile Noreg vert historiske monument, verneverdige bygningar og gjenstandar, bygningsmiljø og kulturlandskap viste fram for publikum.

Kvart år vert det valt eit nytt tema for kulturminnedagen.

I 2020 er temaet LÆRE BRUKE BERE:

Praktisk kunnskap om håndverk, materialer og vedlikehald er viktig for eit berekraftig forbruk.

Temaet på Voss har fått tittelen: «Arven etter Bergslikunstnarane i eit berekraftig perspektiv»

Stiftinga Bergsliminne vil ha to tilskipingar i helga 12.-13. september.

Laurdag 12. september: Guiding til fots i Bergsliløypa. Vert avslutta på Dagestadmuseet. 50 kr

Søndag 13. september:  «Ope hus» på Bergslitræet med praktiske aktivitetar for born, ulike foredrag for vaksne, kunstlotteri og kafe med gratis kaffi og vaflar.