Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Kulturprisen 2021

Kulturprisen 2021

Send inn framlegg til kandidatar til kulturprisen 2021 til: postmottak@voss.herad.no eller Voss herad, Postboks 145, 5701 Voss. Fristen er 1. oktober 2021

 I retningslinjene for prisen står det:

Voss herad sin kulturpris skal heidra og stimulera det lokale kulturlivet. Prisen skal gå til nokon som har gjort ein framifrå innsats innanfor kunst- eller kulturarbeid i Voss herad.  

Kulturprisen kan delast ut til kunstnarar, kulturarbeidarar eller lag og organisasjonar med tilhald i heradet eller anna tilknyting til Voss. Prisen kan eventuelt delast mellom fleire mottakarar.  

Forslag til kulturprismottakar skal vera skriftleg, grunngjeve og signert avsendar. Avsendar og føreslegne kandidatar er ikkje offentleg

Prisen vert utdelt av Utval for kultur og næring. Send framlegg til kulturpris til: postmottak@voss.herad.no eller Voss herad, Postboks 145, 5701 Voss. Frist for å senda inn framlegg til kandidatar er 1. oktober 2021