Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Kulturtilskot

Kulturtilskot

Klikk for stort bilete Kjell Herheim I tillegg til dei faste kulturtilskota er det oppretta ei lokal kompensasjonsordning for Covid-19.Søknadsfrist 1. oktober 2020. Søknadsskjema finn du her

Lag og organisasjonar kan søkja midlar til realisering av tiltak i kulturplan, born og unge, anna kulturarbeid, kulturminnevern og kulturbygg. Utval for kultur og næring tek sikte på å fordela tilskota i desembermøtet. Dette blir hovudfordelinga i 2020 til kulturminnevern og kulturbygg.

Det er oppretta ei ny eingongs tilskotsordning på kroner 200 000,- til kulturlivet i Voss herad for å kompensera for tapte inntekter som fylgje av koronaepidemien. tilskotet skal i hovudsak gå til frivillige organisasjonar som på grunn av tapte inntekter ikkje får dekka oppsamla utgifter. Kostnadene for ordninga skal dekkas av budsjetterte kulturmidlar til utdeling.