Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Ladevett i fokus for årets Brannverveke

Ladevett i fokus for årets Brannverveke

Med stadig fleire ladbare produkt heime, aukar risikoen for brann. Brannar i elektriske artiklar kan utvikle seg raskt, og det er viktig å vite kva ein skal gjere. Det aller viktigaste er å skape gode vanar som eit forebyggande tiltak. Difor lanserast det no nye ladevettreglar i samband med den årlege Brannvernveka i veke 38.

Ein tommelfingerregel ved brann er å redde, varsle og deretter eventuelt sløkke, dersom det er mogleg. Men oppladbare batteri har ulik mengde energi, og batteri av typen som vert nytta i eksempelvis el-sykkel og el-sparkesykkel er svært energirike (litium ion-batteri). Slike batteribrannar kan utvikle seg svært raskt, og vere vanskelege å sløkke.

- Ved antyding til brann i slike batteri bør ein prøve å få gjenstanden ut i friluft og leggje batteriet i vatn, dersom det er mogleg. Det finst og eigna handslokkarar på marknaden tilpassa for å sløkke brann i litium ion-batteri. Greier du ikkje å sløkke sjølv, ring brannvesenet på 110. Utsett aldri deg sjølv eller andre for fare ved å prøve å sløkke for ein kvar pris, då er det betre å sjå til at alle kjem seg i sikkerheit og lat brannvesenet sløkke brannen, seier Egil Holven, branninspektør i Voss brannvern.

- Sjølv om det skjer relativt sjeldan, kan elektriske apparat ta fyr ved lading. Ved å lade på ein trygg plass og når ein er vaken, reduserast risikoen for brann. Følg ladevettregel 1, og lad berre i rom med røykvarslar, seier Per Fosse ved DLE hjå Voss Energi Nett AS og Aaron Miille ved DLE hjå Hardanger Energi Nett AS.

 

Øv på det som ikkje skal skje – ha brannøving heime!

Eit sentralt element i den tradisjonelle Brannvernveka er brannøving heime. Ei fersk undersøking visar at berre 1 av 10 har gjennomførd brannøving heime i løpet av dei siste 12 månadane.

- Årlege øvingar heime der ein bur vil bidra til at alle veit kva dei skal gjere om ulukka først er ute. All erfaring visar at dei som er best øvd og førebudd på dramatiske hendingar, taklar dei best, fortel dei tre representantane frå brannvernet og DLE.

- Eit skrekkscenario er at nokon går inn i eit brennande hus fordi ein ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leita etter trygt på ein anna plass, seier Egil Holven.

I den nasjonale Brannvernveka, som går av stabelen i veke 38 kvart år, er det mange rundt omkring i heile landet som er engasjert i brannøvingar og andre aktivitetar som bidreg til å auke brannsikkerheit. Hausten markera inngangen til ei tid på året der talet bustadbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av auka straumforbruk og meir bruk av levande lys.

 

Open brannstasjon i Eidfjord

I området er det berre Eidfjord brannstasjon som vil ha ope laurdag 25. september frå klokka 14.00 - 16.00, i samband med opning av ny brannstasjon.

Brannvernet, Voss Energi Nett og Hardanger Energi Nett vil samarbeida om digital informasjon og besøk i ulike barnehagar denne veka.

Vi vil derfor understreke viktigheita av at folk engasjera seg på heimebane, og tek dette med brannsikkerheit på alvor heime i eigen bustad, avsluttar Per Fosse, Aaron Miille og Egil Holven.

 

Det er mange ting ein kan gjere for å auke sikkerheita, og redusere sjansane for brann i heimen: 

Ta ein prat med heile familien, for eksempel ved middagsbordet om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann. Og kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne.

  • Ha brannøving
  • Bli einige om ein trygg møteplass ute som alle kjenner godt
  • Sjekk ut ulike rømmingsvegar
  • Røykvarslar og sløkkjeutstyr må sjekkast jamleg, også i Brannvernveka

 

Ladevettreglane:

  • Lad i rom med røykvarslar
  • Lad når du er vaken og til stades
  • Les og følg bruksrettleiinga frå produsenten
  • Bruk helst original ladar
  • Lad på eit underlag som ikkje lett kan brenne
  • Ikkje lad i senga
  • Ikkje lad i korridor eller i trapperom. Dei må kunne brukast som fluktveg ved brann
  • Byt ut skadd utstyr
  • Stopp lading dersom det kjem lydar, lukter eller blir unormalt varmt
  • Ved røyk og flammar, ring brannvesenet på 110

Ladevettreglane er utarbeidd av Norsk brannvernforening, DSB og forsikringsselskapet If, og lanserast i samband med den årlege Brannvernveka.

 

Om undersøkinga

Tala kjem fram i ei fersk befolkningsundersøking gjennomførd av Kantar i august og september 2021, på vegne av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og forsikringsselskapet If.

 

Om Brannvernveka

Brannvernveka arrangerast kvart år i veke 38, som ei veke med ekstra fokus på brannsikkerheita i Noreg. Føremålet er å gjere alle bevisst om brannfarar i ei tid på året der talet bustadbrannar vanlegvis aukar. I år er det eit ekstra fokus på ladevett, og i samband med Brannvernveka lanserast Ladevettreglane torsdag 16. september. Brannvernveka arrangerast av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og forsikringsselskapet If, i samarbeid med brannvesenet.