Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Legekontoret i Granvin opnar ikkje 1. september

Legekontoret i Granvin opnar ikkje 1. september

Koronasituasjonen gjer at Voss herad ikkje har kapasitet til å opna opp legekontoret i Granvin 1. september, slik planen opphaveleg var.

Det er stor usikkerheit kring utviklinga av koronasituasjonen. Det er ikkje avklara behovet for testkapasitet ved testsenteret, og luftvegspoliklinikken må også vera klar til å opna på kort varsel om situasjonen krev det.

Koronapandemien er ikkje over, og Voss herad opplever auka pågang på testsenteret.

Utstyret som vert brukt både på testsenteret og luftvegspoliklinikken kjem frå legekontoret i Granvin. Saman med knappe ressursar på bemanning, gjer det at Voss herad ikkje kan opna legekontoret i Granvin 1. september.