Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Lite kommunale flaumskader

Lite kommunale flaumskader

Klikk for stort bileteDet er ikkje meldt om vesentlege skader på kommunal infrastruktur i samband med flaumen onsdag kveld og natt til torsdag. Ei skråning inn mot ein kommunal veg i Granvin er sklidd ut, men vegen er ikkje stengd og det vil verta fylt på med massar.

Vangsvatnet nådde sitt toppunkt kl 08 torsdag 19. november, og var då 5,3 meter over normal vasstand. Vasstanden er no svakt nedgåande.

Voss herad har ikkje oversikt over eventuelle skader på privat eigedom som fylgje av flaumvatnet.