Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Lønstilskot til marknadsføring

Lønstilskot til marknadsføring

Kraftfondet i Voss herad ser at ikkje alle statlege tiltakspakker er nok for å hjelpa næringslivet. I bygda vår er det spesielt reiselivsnæringa som blir råka. I eit tverrpolitisk samarbeid ynskjer Kraftfondet å bistå reiselivsnæringa og Voss herad. Skjema for å søkja lønstilskot finn under her, saman med heile vedtaket frå Kraftfondet. 

Digitalt søknadsskjema.

Om du vil skriva ut og fylla ut skjemaet, finn du det her.

Skjema for nedlasting (DOCX, 283 kB)

Då må du senda skjemaet anten til postmottak@voss.herad.no, i posten til Voss herad, Postboks 145, 5701 Voss eller legga det i postkassa ved inngangen til Voss tinghus.

 

Vedtak 1

Kraftfondet går inn med konkrete tiltak for å hjelpa næringa. Tiltaka består i lønstilskot til permitterte marknadsførarar i reiselivsnæringa. Dette i ein avgrensa periode frå 1 mai og ut juni 2020. Beløp som blir sett av til vedtak 1 og 2 er kr. 500.000, -. 

Fylgjande kriteria vertlagt til grunn for å kunne søkja:

  1. Bedrifta må ha permittert marknadsførar i minimum 50 % stilling.
  2. Det vert søkt om lønstilskot for namngjeven tilsett.
  3. Tilskotet skal nyttast i perioden 1 mai til 30 juni 2020 og er på maks kr. 50.000,- pr. bedrift.
  4. Kraftfondet sin kontroll av rett bruk av tilskot er den innmeldte tilsette sin lønslipp for perioden.
  5. Administrasjonen tildeler midlar etter søknad
  6. Bedrifta marknadsførar si bedrift, og forpliktar seg til å bruka utarbeid plan for heile Voss Herad, som er utarbeid av ei marknadsføringsgruppe. 
  7. Marknadsføringsgruppa skal utarbeida “marknadsføringspakke” for heile Voss og består av leiar og nestleiar i Kraftfondet, ein frå Destinasjon Voss og to frå reiselivsnæringa
  8. Marknadsføringsgruppa skal ha plan klar til tysdag 28 april, og med det er deira arbeid ferdig.

    Plan skal innehalde punkt og mål for marknadsføring, nokre element som bør væra med

  •  Natur
  •  Lokalmat, og drikke
    • Handel
    • Friluftsliv
  • Landbruk
  • Aktivitet
  • Eit innblikk i småskalaprodusentar
  • Tradisjonar
  • Inkludering

 

Vedtak 2 – marknadsføringskurs

Heradet rettleiar, og inviterer aktørar som ikkje har eigen marknadsførar, til digitalt marknadsføringskurs i regi av heradet. Spesielt med fokus på marknadsføring på sosiale media