Voss Herad

Menn i helse

Menn i helse

Vestland fylke satsar vidare på prosjektet Menn i helse. Voss Herad er med i eit nasjonalt rekrutteringsprogram der arbeidssøkjande menn mellom 25 - 55 år blir tilbydd eit komprimert og forutsigbart utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Vil du bli vår nye helserekrutt
Vil du bli vår nye helserekrutt?

Eit nytt kull skal no starta opp i Vestland. Voss Herad ynskjer å gje inntil 3 kandidatar dette unike tilbodet. Me søkjer etter menn som er mann nok til å visa omsorg og til å ta ei utfordring. Det vil bli gjennomført informasjonsmøte på Amalie Skram vgs. Lungegårdskaien 40, Bergenhus, 5015 Bergen 24.januar kl.1200. Meld deg på informasjonsmøte her.

Påmeldingsfrist 23. januar.

Før påmelding bør du snakka med din rettleiar i NAV. Ditt NAV-kontor kan også hjelpa til med påmelding.

På informasjonsmøtet vil du bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar bli tilbydd ein 12 vekers rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Ynskjer du meir informasjon om Menn i helse? Sjekk heimesida vår mennihelse.no

Er du vår neste mann? Grip moglegheita! Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse!

https://youtu.be/hUlsvHlaBhM

 

KONTAKTINFORMASJON

Har du spørsmål om Menn i helse?

Kontakt fylkeskoordinator

Kjetil Kvidahl

977 48 055

kjetil@mennihelse.no