Voss Herad

Milepæl nådd i evalueringa av oppvekstavdelinga

Milepæl nådd i evalueringa av oppvekstavdelinga

Hausten 2021 vart det sett i gang ei evaluering av kommunalavdelinga oppvekst. Det kom då inn mange gode innspel frå leiarar, tilsette og tillitsvalte i avdelinga.

Frå juni i år valte rådmannen å sjølv ta ansvaret for evalueringa. Det vart òg tatt ei avgjerd om å styrka arbeidet med evalueringa ved å søkja ekstern bistand. Etter ein anbodsrunde vart Agenda Kaupang valt til å gjennomføra oppdraget. Dei fyrste funna i kartlegginga er no presenterte.

Prosjektet kan delast inn i tre fasar der Agenda Kaupang hjelper oss med dei to fyrste. Fase 1 er kartlegging og GAP-analyse (avvik mellom no situasjon og ynskt situasjon). Fase 2 er utvikling av tiltak og den siste fasa er gjennomføring av forbetringstiltak.

Kort fortalt er målet at me skal gjera Voss herad og kommunalavdeling oppvekst i endå betre stand til å yta gode tenester til innbyggjarane og evalueringa legg vekt på desse spørsmåla:

  • Korleis fungerer organisasjonsstrukturen i kommunalavdeling oppvekst i praksis, og korleis opplever leiarar og medarbeidarar denne?
    • Korleis bidreg organiseringa til å heva kvaliteten på tenestene?
    • I kva grad står alle tilsette bak dei strategiske satsingane innan tenestene?
    • Korleis vert kommunikasjonen og informasjonsflyten i avdelinga opplevd?
    • Korleis opplever leiarar samhandlinga mellom einingane og overordna nivå?
    • Korleis vert samhandlinga mellom stabs- og støttefunksjonane og einingane opplevd?
    • I kva grad lever kommunalavdelinga opp til dei organisatoriske måla for Voss herad?
  • Er Voss herad gjennom kommunalavdeling oppvekst ein skapande og inkluderande arbeidsgjevar med myndiggjorde leiarar og medarbeidarar?
    • Er det tydeleg kva mynde som ligg til dei ulike rollane?
    • Er det samsvar mellom ansvar og mynde?
    • Har avdelinga tilstrekkeleg evne og kapasitet til strategisk leiing og styring?

Arbeidet i fase 1 nærmar seg slutten og fredag 21. oktober presenterte Agenda Kaupang funn frå intervju og innspel, samt funn frå ein kvantitativ gjennomgang av kostnadar og kvalitet i tenestene. Vidare vil arbeidet med å gjera ferdig rapporten i fase 1 verta avslutta før me går i gang med utvikling og gjennomføring av tiltak.

Presentasjonen som vart vist fredag finn de her (PDF, 4 MB).