Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Momskompensasjonsordninga

Momskompensasjonsordninga

Søk momskompensasjon for lag og organisasjonar. Søknadsfrist: 1. september 2021

Me ønskjer å nå fleire med ordninga

Erfaring frå tidlegare år viser at det finst lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette kan vera lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. MERK: Slike såkalla underledd må senda inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.

Minstegrenser

  • •For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i søknadsgrunnlag (søknadsgrunnlag = driftskostnader minus eventuelle avgrensing og frådrag).
  • Etter dokumentert søknadsmodell er minstegrensa 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for.

Søknadsfristen er 1. september 2021

MERK:

Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon. Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2021. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. Husk at registrering kan ta litt tid.

Meir informasjon

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonarwww.lottstift.no