Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Nominert til pris

Nominert til pris

Klikk for stort bileteVoss er nominert til Bosettings- og integreringsprisen 2020, saman med fem andre kommunar

Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, IMDi, som deler ut prisen i mai i år. Voss er nominert til prisen saman med Asker, Gjøvik, Randaberg, Sunndal og Tromsø.

Heilskapleg

Klikk for stort bileteLibe Rieber-Mohn Beate Willumsen  Direktør i IMDi, Libe Rieber-Mohn, seier i ei pressemelding at det er viktig for IMDi å lyfta fram kommunar som oppnår resultat og som jobbar heilskapleg og systematisk med integrering av innvandrarar. - Eg håpar dei nominerte kan vera til inspirasjon for andre kommunar og lokalsamfunn, seier Rieber-Mohn.

Publikum avgjer

IMDi inviterer publikum til å røysta på favoritten sin, og opnar for røysting på nettsidene sine i mars. Mellom dei tre kommunane som får flest røyster, kårar IMDi ein vinnar. Prisen vert delt ut på integreringskonferansen til IMDi i Oslo 4. mai.

- Vellukka integrering er viktig for å ta vare på velferdsstaten og den høge graden av tillit i samfunnet vårt. Dette er derfor ein gjev pris som heng høgt hjå kommunane, seier Rieber-Mohn. 

Om prisen

Dei seks nominerte kommunane er valde ut mellom kommunar som busett flyktningar. Kommunane vert vurderte på bakgrunn av konkrete resultat og kunnskap om kvalitet i integreringsarbeidet. Dei nominerte kommunane har busett flyktningar i tråd med behov og anmodning frå frå staten, og har synt eit ekstraordinært engasjement og fleksibilitet. Kommunane kan visa til positive resultat for flyktningar med omsyn til overgang til arbeid eller utdanning etter å ha gått gjennom introduksjonsprogrammet. I tillegg arbeider dei aktivt med utvikling av nye metodar og tiltak som fremjer god busetjings- og integreringsarbeid. 

Prisen vart fyrste gong delt ut i 2008. Tidlegare vinnarar er Vadsø, Levanger, Kristiansand, Kragerø, Molde, Hammerfest, Drammen, Grimstad, Trondheim og Bærum.