Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Ny kompensasjonsordning for verksemder råka av smitteverntiltak

Ny kompensasjonsordning for verksemder råka av smitteverntiltak

Klikk for stort bileteGjernes Voss Thor Trå NY SØKNADSFRIST ER 25. APRIL

 

Voss herad har motteke kr 11.600.000 frå ei ny kompensasjonsordning som er meint å hjelpa lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Dei som ikkje har fått støtte frå nasjonale kompensasjonsordningar tidlegare, vert prioriterte. 

Desse kan søkja om kompensasjon

  • Verksemder som heilt eller delvis har falle utanom den generelle kompensasjonsordninga
  • Lokale verksemder som er hardt råka av strenge smitteverntiltak. Særleg er det eit mål å kompensera for lokale verksemder sine kostnader eller tap som følgjer av smitteverntiltak og nedstenging. 
  • Destinasjonsselskap og fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

For ytterlegare informasjon, sjå informasjon (i PDF) på regjeringen.no

 

Krav til søknad:

Søknad om støtte skal registrerast på Startside (regionforvaltning.no), eit nytt søknadsskjema laga for denne ordninga. Søknaden må innehalda:

  • Kontaktopplysingar og organisasjonsnummer
  • Informasjon om økonomi og tapte inntekter
  • Informasjon om eventuelt anna offentleg støtte

Som vedlegg skal det leggjast ved ei kort grunngjeving for søknaden, samt rekneskapsoversikt attestert av rekneskapsførar.
​Søknadsfristen er 25. april 2021. 

Krav til bruk av tilskotet:

Statsstøtteregelverket: Den kommunale støtta til verksemder må vera i samsvar med regelverket for offentleg støtte. 

Søknadane vil verta handsama politisk.

 

Kontaktperson i Voss herad:
Iril Schau Johansen

epost: Iril.S.Johansen@voss.herad.no

mobil: 470 26 347