Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Ny kulturpris

Ny kulturpris

Vil du laga den nye kulturprisen til Voss herad?

Utval for kultur og næring ynskjer å fornya kunstverket som vert nytta i samband med overrekking av Voss herad sin kulturpris. Framlegg kan sendast Voss herad ved kommunalavdeling for kultur og fritid, boks 145, 5701 Voss eller postmottak@voss.herad.no Frist for å senda inn forslag er 1. mars 2021

Voss herad vil med dette invitera kunstnarar og kunsthandverkarar til å utforma vår framtidige kulturpris.

I forslag/ skisse til utforming av kulturpris skal det opplysast om:

  • materialbruk
  • kostnad ved produksjon
  • i kva grad verket er knytt til Voss

Innkomne forslag skal vurderast av ei arbeidsgruppe beståande av ein representant frå Utval frå kultur og næring, ein representant frå Voss kulturråd og ein representant frå Voss kunstlag.

 

Retningslinjer for kulturprisen

Kontakt

Silje Solstad
Konsulent
E-post