Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Nye el-bilar

Nye el-bilar

Voss herad har gjort eit byks i el-bilsatsinga, og har kjøpt inn 5 nye el-bilar som skal brukast i kommunale tenester. Bilane vil bidra til å redusera Voss herad sitt klimafotavtrykk. Det vert også eit positivt tiltak for betring av lokal luftkvalitet og folkehelse.   

Heradsstyret vedtok etter eit møte i juni i år å nytta 1,2 mill kr i fondsmidlar til innkjøp av nye el-bilar. Etter ein anbodsrunde med bilforhandlarane på Voss, vart det bestilt inn 5 nye el-bilar av typen Peugeot e-208. Den lokale levrandøren er Motor service Bilsenter AS. 

Heradet har idag 143 person- og varebiler. Av desse er det 14 el-bilar og 17 hybrid bilar, medrekna dei 5 nye bilane . 

Voss herad har 6 eigne ladepunkt til desse bilane ved Voss sjukeheim og Vetleflaten omsorgsenter. No kjem det også ladepunkt ved sjukeheimane på Vossestrand og i Granvin. Elles har heradet 3 ladepunkt v/ Voss tinghuset, Voss brannvern har 1 ladepunkt og Park/idrett har eit ladepunkt ved idrettshallen.