Voss Herad

Nye nettsider for Voss herad

Nye nettsider for Voss herad

Klikk for stort bilete   Frå 1. januar 2020 er kommunane Voss, Granvin og delar av Ullensvang slått saman til Voss herad. 

I samband med samanslåinga, er nettsidene til kommunen heilt nye. 

I utvikling

Utover ny grafisk profil, er det tenesta Min Side som er den største endring for innbyggjarane. Her er det samla ei rekkje tenester som krev innlogging via BankID. Målet er at fleire kan få svar på det ein lurer på, eller få søkt om det ein ynskjer, utan å ha direkte kontakt med kommunen. For dei som ynskjer det, vil kommunen sjølvsagt vera til stades og hjelpa, i opningstidene til Voss herad. 

Språk

I arbeidet med nettsida har Voss herad tatt i bruk den nye språkprofilen, og lagt vekt på eit klart og godt språk. Det er viktig at innbyggjarane forstår, og lett kan finna fram. Nettsida til Voss herad skal vera ei god side som er enkel å bruka. Sjølv om den nye kommunen er etablert, er ikkje heimesida heilt ferdig utvikla. Å byggja ei god nettside er eit kontinuerleg arbeid, og nettredaksjonen ynskjer tilbakemelding frå dei som brukar sida. Både positive og kontruktive tilbakemeldingar er like velkomne.