Voss Herad

Nytt om reisevaksine

Nytt om reisevaksine

Klikk for stort bileteReisevaksinering på Voss helsestasjon vert frå no gjort av Sentrum reisemedisin.

Voss herad har inngått avtale med Sentrum reisemedisin, som kjem til Voss og tilbyr vaksinering her. Dei vil ha kontorplass på helsestasjonen, Uttrågata 15, og vil i fyrste omgang vera på Voss på tysdagar.

For å tinga reisevaksine, ta kontakt med Sentrum reisemedisin,
Tel: +47 55962770

E-post: voss@reisemedisin.no

Årsaka til denne endringa er at tilbodet om reisevaksine hjå helsestasjonen tek tid og ressursar frå andre oppgåver.

Det er viktig for Voss herad at innbyggjarane framleis skal ha tilbod om reisevaksine på Voss, og har derfor inngått avtale med Sentrum reisemedisin.

Målet er at tilbodet skal vera like godt for innbyggjarane, samtidig som helsestasjonen får frigjort tid og ressursar som kan gje endå betre tenester for brukarane av helsestasjonen.