Voss Herad

Oppdatering om fastlegesituasjonen

Oppdatering om fastlegesituasjonen

Oppdatert informasjon til dei som får ny fastlege frå nyttår, og er overført frå anten Vossamed eller Vossevangen til Voss legekontor.

  • Frå før er det kjent at alle pasientar frå Vossamed vert overførte til Voss legekontor. De som høyrer til Vossamed i dag skal ha begynt å motta meldingar frå Helfo om byte av legekontor. 
  • Dei pasientane frå Vossevangen som vert overførte til Voss legekontor har også begynt å få melding om dette frå Helfo, men Helfo opplyser at dette arbeidet ikkie vil vera ferdig før 1. januar 2023. Alle frå Vossevangen som får brev om at dei har fått ny fastlege på Voss legekontor, kan like fullt kontakta Voss legekontor frå nyttår.
  • Når Voss legekontor får desse listene tilgjengeleggjort av Helfo like over nyttår vil kontoret bestilla journaloverføring for dei det gjeld frå journalleverandøren InfoDoc. Det betyr at det kan gå litt tid frå den enkelte pasient har fått ny fastlege til heile den gamle journalen er tilgjengeleg hjå den nye fastlegen. Dette ber me om forståing for. Faste medisinar er imidlertid tilgjengeleg gjennom oppslag i e-resept-formidlaren. 
  • Alle de fire nye listene vil frå nyttår vera betjent av vikarar og vil i praksis fungera som ei stor vikar-liste. Det tiltrer nye permanente fastlegar på to av listene 1. april 2023. Dei to siste heimlane er utlyst på nytt.