Gamle Voss kommune si lokale forskrift frå 1964 som regulerer bruk av piggtråd i gjerde, er forelda og dermed ynskjeleg å fjerna. Dyrevelferdsloven § 15 frå 2010 fastset eit utvitydig forbod mot bruk av piggtråd i gjerde for å regulere dyrs åtferd. I gjeldande lokale forskrift heiter det: skal det i merkesgjerde og gjerde mot sams utmark vera forbode å nytta piggtråd i lågare høgd enn 1 meter over marka.
Med fjerning av den lokale forskrifta vil all bruk av piggtråd som gjerde eintydig vere forbode i Voss herad. jf dyrevernslova § 15 er det allereie eit forbod mot å regulere dyrs åtferd med piggtråd. Landbruksdirektoratet har i brev av 8.mai 2020 bede Voss herad om ei vurdering om det framleis er behov for forskrift om piggtråd.
Konsekvensar ved fjerning av forskrift om piggtråd til gjerde:
Jf dyrevernslova § 15 er det ikkje høve til å nytte piggtråd til å regulere dyrs åtferd. Ei oppheving av ‘forskrift om piggtråd til gjerde’ i Voss vil derfor ikkje ha betydning for landbruksnæringa i heradet.
Jf vegleiing om forskrifter bør forskrifter opphevast når dei ikkje lengre har nokon funksjon.
Voss herad ynskjer difor å fjerne forskrift om bruk av piggtråd frå 1964.
jf forvaltningslova § 37 om utredningsplikt, forhandsvarsling og uttale frå interesserte, vert forslag om oppheving av lokal forskrift publisert I 1964 s 1334, II 1964 s 642 om bruk av piggtråd i Voss kommune, lagt ut tilhøyring.
Høyringssvar sendes til postmottak@voss.herad.no
Høyringsfrist: 24.september 2020
Forskrift om piggtråd til gjerde i Voss av 1964