Voss Herad

Oppklaring om tildeling av ny fastlege

Oppklaring om tildeling av ny fastlege

Fleire innbyggjarar som har motteke brev frå Helfo om tildeing av ny fastlege har tatt kontakt med heradet grunna nokre formuleringar i brevet som kan misoppfattes.  Voss herad ynskjer derfor å presisera fylgjande:

  • Alle som tidlegare hadde sin fastlege hjå Vossamed legekontor har fått ny fastlege på Voss legekontor. Alle desse skal ha fått brev om dette frå Helfo
  • 200 pasienter som tidligere hadde Knut Eirik Eliassen på Vossevangen legekontor som fastlege skal ha fått brev om at dei har fått ny fastlege på Voss legekontor. Dei som  tidlegare var pasient hjå Knut Eirik Eliassen og som ikkje har fått brev frå Helfo har framleis fastlege på Vossevangen legekontor. Dei gjenværande  pasientane på denne lista er overtatt av Kelsey Sletner.
  • 250 pasienter hjå Jonas Bucher på Vossevangen legekontor skal også ha fått brev om at dei har fått ny fastlege på Voss legekontor. Dei som har Jonas Bucher som fastlege og som ikkje har fått brev frå Helfo har framleis Jonas Bucher som fastlege. 
  • Heradet kan ikke påverka kven som vert overført frå Vossevangen legekontor til Voss legekontor. Her vert det gjort eit automatisk uttrekk hos Helfo. 
  • Det er oppretta fire nye pasientlister på Voss legekontor for å ta imot dei nye pasientane. Alle desse listene er pr i dag betjent av dyktige vikarar. Derfor står det i brevet frå Helfo at den enkelte pasient som er overflytta til Voss legekontor ikkje har fastlege. Dette er noko misvisande. Voss herad presiserer at alle dei overflytta pasientane har eit fastlegetilbod hjå ein av vikarane på Voss legekontor. 
  • Det er tilsett to permanente fastlegar som tek til ved Voss legekontor 1. april. Heradet håpar å landa tilsetjing i dei to gjenverande fastlegeheimlane  i inneverande månad.