Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Oppstartsmelding kommunedelplan tidleg innsats og livsmeistring

Oppstartsmelding kommunedelplan tidleg innsats og livsmeistring

 Kommunedelplan for tidleg innsats og livsmeistring er ein tematisk plan retta mot barn og unge under 25 år. I samband med arbeidet med planen ynskjer heradet framlegg og innspel på viktige tema som bør inngå i planen. Merknadar til planoppstart og/eller planprogram kan sendast postmottak@voss.herad.no innan 8. oktober 2021.

Målet med planen er å dreie ressursinnsatsen frå reparasjonstiltak til førebyggande arbeid. Planen skal bli eit nyttig reiskap i folkehelsearbeidet i heradet for å hindre utanforskap og oppnå sosial utjamning. Planen skal bidra til å auka kunnskapen om det førebyggande arbeidet i heradet, bidra til eit samordna tenestetilbod og fremja ei heilskapeleg tilnærming som sikrar at barn og unge får dei beste føresetnadar for å meistra eige liv.

Oppstartmelding kommunedelplan tidleg innsats og livsmeistring (PDF, 178 kB)

Framlegg til planprogram kommunedelplan tidleg innsats og livsmeistring (PDF, 867 kB)