Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Oransje flaumvarsel for Voss

Oransje flaumvarsel for Voss

Klikk for stort bileteDet er varsla flaumfare på oransje nivå laurdag 20. juni. Det er stor vassføring, og melding om nedbør gjer at NVE hevar flaumfaren frå gult til oransje nivå.

Flaumfare på oransje nivå har fylgjande moglege konsekvensar:

Omfattande oversvømmingar, erosjonsskader og flaumskader på utsette stader.

I samband med tidlegare flaumvarsel i vår har Voss herad gjort førebyggjande tiltak for å sikra kommunal infrastruktur. Voss herad fylgjer situasjonen tett, og  oppmodar alle om å sikra verdiar som kan stå utsette til for flaum. Hald deg oppdatert her: https://www.varsom.no/flom-og-jordskredvarsling/varsel/Vestland/Voss?date=2020-06-20