Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Overvaking av fuglebestandar i jordbrukslandskapet

Overvaking av fuglebestandar i jordbrukslandskapet

I vår vil du kunne observere folk som er ute og tel fuglar i jordbrukslandskapet ein stad nær deg. Dei jobbar med eit program for tilstandsovervaking av fuglar i regi av Norsk institutt for bioøkonomi NIBIO, som starta i år 2000. I år er det sjuande gongen dei tel fuglar her i Voss og dei vil vere ute mellom kl. 04.00 og 09.00

Klikk for stort bileteSanglerka hekker gjerne på fulldyrka mark og er difor sårbar for slått og landbruksmaskiner og står oppført på raudlista 

 

Fuglar er ein viktig del av artsmangfaldet i jordbrukslandskapet, og ulike artar har dette som viktig habitat. I tilstandsovervakinga omfattar artane buskskvett, gulspurv, sanglerke, storspove, vipe, låvesvale og stær.

Melding om feltarbeid 2020 NIBIO (PDF, 635 kB)

Du kan lese meir om prosjektet her